Magne Rommetveit opnar utstillinga STOLtinget

Utstillingsopning av STOLtinget, temakveld, og opning av POP UP-gjenbruksbutikk!

Onsdag 26. mars kl. 18:00 har me offisiell opning av den nye utstillinga vår, STOLtinget!

Me har bedt publikum nominera STOLtingsrepresentantar, og denne kvelden vil me vise fram dei nominerte bidraga frå heile Sunnhordland. Tidligare stortingsrepresentant Magne Rommetveit kjem for å opne utstillinga, før Kristian Notland Harnes frå Minus furniture skal hald føredraget «Møbeldesign med mål om mindre forbruk». I tillegg vert det opning av ein POP UP-gjenbruksbutikk med stolar i Hatlandsløa! POP UPen er eit samarbeid med SIM.

Program:

  • 18:00 Offisiell opning ved Magne Rommetveit
  • 18:45 Føredraget «Møbeldesign med mål om mindre forbruk», med Kristian Notland Harnes

Både før, undervegs og etter er POP UPen i Hatlandsløa open.

STOLtinget er ei magasinutstilling og eit formidlingsrom som tek for seg spørsmål knytt til berekraft, bevaring og kulturarv – med stolen som utgangspunkt og drivkraft. Utstillinga er ein del av Berekraftsvekene på Stord 2025.

Pris for utstillingsopning og temakveld: 150,-

Stad: Sunnhordlandstunet, Museumsbakken

Vær velkommen til STOLtinget!