Tatt ned i dag (fredag) – no kan me køyra til Heio igjen

Blei tatt ned i dag 21. mars (Foto: Birk)

– Det vanlege har vore vinterstengt Kattnakkeveg frå 1. oktober til 1. april, men me ser sjølvsagt ver og føre an og fann det ok å opna for rullande trafikk opp til Heio frå i dag. Det har vore maskin på vegen i dag, det må alltid ei viss fjelging til etter vinteren.

Dette er den gilde melding frå Jarle Agdestein i  dei kommunale tekniske tenester, når Stordront.no i lunsjtid fredag spør kva tid skiltet som sperrar for biling og motorsyklar opp i fjellheimen gjennom vintersesongen skal fjernast. Så når dette blir lese, har det alt skjedd. Ha godt tur til fjells