
Tysdag 25. mars klokka 11.00 får me besøk av professor Jørn Øyrehagen Sunde med forelesinga «Landslova av 1274 og den fyrste konstitusjonen i Noreg.»
Jørn Øyrehagen Sunde, fødd i Uskedalen, er professor ved Universitetet i Oslo og forskar knytt til Nasjonalbiblioteket. Han arbeider særleg innan fagfelta rettshistorie og komparativ rett, og er med i leiinga av ulike prosjekt, mellom anna om Kristenretten på Moster i 1024.
Om forelesinga skriv han: «Landslova av 1274 var ikkje byrjinga på det moderne demokratiet og rettsstaten. Men lova la opp til brei deltaking i samfunnsstyret, laga ordningar som hindra korrupsjon og maktmisbruk og for at lov, ikkje vilkårleg makt, skulle vera avgjerande for folk sine rettar. Slik kom Landslova til å vera med på å leggja til rette for tillit og samarbeid i samfunnsstyringa. Lova var såleis viktig for at idear om demokrati og rettsstat gradvis fekk gjennomslag fram imot 1814.»
Vel møtt i Bømlo kulturhus på tysdag til denne historietimen med ein av dei beste forelesarane me har.
Helsing Styret