Føler seg ignorert av statsforvaltaren

Frisk fråsegn frå Fitjar-politikarar (Illustrasjonsfoto, Fitjar sentrum: Google Street View)

I sist møte fremja dei to representantane Jo Kjetil Strand (FrP) og Harakd Rydkabd (KrF) eit friskt framlegg til fråsegn frå Utval for plan og miljø i Fitjar kommune. Fråsegna vart til slutt samrøystes vedteke og lyd slik:

Dei siste åra har Fitjar kommune gjeve dispensasjon frå plan- og bygningslova i fleire saker som Statsforvaltaren i Vestland har klaga på. Statsforvaltaren i Rogaland har vore oppnemnt som setjestatsforvaltar i sakene og gitt klagar medhald i alle sakene.

Som lokalpolitikarar er me i ferd med å mista mot og inspirasjon. Me opplever at lova sin tekst, solid lokal kunnskap, folkevit og godt politisk skjøn vert totalt ignorert av byråkratiet hos statsforvaltaren. Me meiner vedtak i stor grad er fatta på feilaktig grunnlag. Vårt inntrykk er at denne frustrasjonen ikkje er noko me i Fitjar opplever åleine, men at det gjeld lokalpolitikarar rundt i heile landet. Fleire av våre saker har fått regional og nasjonal merksemd.

Dei sakene som me vil visa til i samband med denne fråsegna gjeld mindre tiltak som ikkje er heilt i tråd med føremålet som er sett i kommune- eller reguleringsplan. Likevel er tiltaka såpass positive og nyttige at dei må kvalifisera for dispensasjon. Etter vårt skjøn set dei verken nasjonale, regionale eller andre samfunnsinteresser på spel.
Etter vanleg forvaltningspraksis ser me at sakene me viser til formelt skal vera avslutta etter avgjerda hos setjestatsforvaltaren.

Me meiner våre saker handlar om viktige prinsipp fordi det lokale sjølvstyret, samt lokalt skjøn og kunnskap, alt for ofte vert ignorert og sett til side av det statlege byråkratiet.

Som lokalpolitikarar ynskjer me no å leggja sakene våre fram for nasjonale styresmakter, med mål om å få omgjera statsforvaltaren sine vedtak. Dei sakene me løftar fram, håpar me òg kan synleggjera intensjonen i plan- og bygningslova — at det er kommunen som er planmynde, og kan gje dispensasjon — må respekterast.

På bakgrunn av denne fråsegna vil me oppmoda ordføraren i Fitjar om å henta fram aktuelle saker og senda dei til kommunalministeren for vurdering. Me i utvalet bidreg gjerne med innspel før sakene skal sendast i veg. Så lenge den politiske prosessen med desse sakene pågår, skal ikkje kommunedirektøren i Fitjar ha noko lokal oppfølging av dei.