
Det vart så mykje og så intense måkeskrik over sentrale deler av Leirvik onsdag, at mange stirrande augo vart retta mot den blå himmelen, for å sjå kva som skjedde ovanpå. Ved fleire høve, segla eiog ørn på breie venger høgt over bykjernen. Men endå høgare fauk nokre iltre og kjeftande måkar som gav den beøkande klar melding om at han berre hadde å ha seg vekk frå område. Måkane aksjonerte i alle fall i to omgangar, rundt klokka 1200 og rundt klokka 1500. Absolutt spennande å følgja med på.