
TILBAKEBLIKK: 6. januar 1987 sette Sverre Aarskog i Fitjar første agurkplantene i jorda i det store drivhuset sitt. Plantene trivst svært godt denne vinteren, som vart velsigna med lys over snittet. Alt 6. mars kunne dei første mogne agurkane plukkast. I løpet av resterande dagar i mars vart det hausta 10 tonn «Fitjaragurk», som vart vart sendt på markanden via Gartnerhallen på Stord. Mange dei avlange grøne grønsakene nådde konsumentar i Bergen, fortalde Aarskog til Sunnhordland, som var på gartneribesøk 1. april -87.
Men det vart nok mange fleire tonn sunn kost frå drivhuset i Fitjar det året, sidan sesongen varte like til november månad. Aarskog produserte også tomtar i det om lag 2 mål store drivhuset, som låg på jordet bak noverande Kultur- og idrettsbygg.