Som ein følgje av null glasflaskepant?

Rest etter ein fest på Notahaugskaien. (Foto: Steinar Hystad)

Hadde gamle, gode Noreg framleis hatt ordning med to kroner i pant for glasflasker, hadde desse ti tome Tuborg-flaskene for lengst vore innlevert og finnaren var blitt 20 kroner rikare. I staden vart dei (etter festen?) ståande i lag med emballasjen på Notahaugskaien til langt ut på måndagen. Einaste lovlege måten å bli kvitt desse flaskene på, er vel å hiva dei i dunken med raudt lok på?

Glasflasker som tidlegare var pantbare, vart verdilause 31. august 2018, då dei vart tekne ut av ombrukssystemet.