
Tosidig heider frå eit topptrent Leirvik Mannskor med gjester i Kulturhuset fredagskvelden, fortener særs heiderleg omtale i retur. Tosidig heider i den tyding at koret med gode gjester og eige orkester let oss i benkeradene få to timars oppfrisking av soga kring industri og samfunnsbygging som har skjedd på Kjøtteinen i vel 100 år. Den andre sida av heideren gjeld den kjekke måten sogeformidlinga vart utført på, gjennom tale og dikt, sanne skrøner og mange og gode tidsrette songar.
I eigne songarrekkjer har Leirvik Mannskor mengder av kunnskap om Kjøtteinen. Trivelege innslag vart det undervegs i konserten når møteleiar og poet Arne Torget henta fram eine veteranen etter den andre med 40 til 50 års røynsle frå verftskvardagane.. Dei fortalde levande og rørande. På lerretet bak på scenen vart det vist historiske bilete frå tidbolkane frå sildoja til nordsjøolja.
All honnør til Leirvik Mannskor med gjester for oppsettinga – og for låtval og framføring. Dirigent siste 10 åra, Ailin Sanden, har verkeleg fått fram godlyd i mannsrøystene.
Det vart to fullsette storsalar, og til trøyst for dei som ikkje fekk billett tipsar koret om konsert i Fitjar og på Arena, når det lid litt på. I ventetida kan det var lurt å følgja ekstra med på dei musikalske gjeremåla til Endre Olsen, som snart er på marknaden med ny plate. Prøvesleppa hausta kraftapplaus på konserten fredag.