
Til komande møte i Stord kommunestyre har representanten Ulvar Akselsen (Ap) meldt følgjande spørsmål til ordføraren:
Me lever i ei tid der mange er meir urolege enn på lenge. Innbyggjarar etablerer private beredskapslager, og fleire har undersøkt kor næraste tilfluktsrom er. Når innbyggjarane våre kjenner på meir uro, er det viktig at også kommunen bidreg til å skape tryggleik. I totalberedskapsmeldinga til regjeringa kjem det fram at 75 % av alle kommunar i Noreg har beredskapsråd. Kommunale beredskapsråd spelar ei sentral rolle i kommunane sitt arbeid med tryggleik og beredskap, både som samordnarar og pådrivarar. Råda inkluderer ofte representantar frå den politiske og administrative leiinga i kommunen, frivillig sektor, næringsliv og offentlege instansar som politi, Sivilforsvaret og Forsvaret. Kommunane står fritt til å organisere dette arbeidet i eigen organisasjon eller gjennom interkommunalt samarbeid. Regjeringa har signalisert at det vil bli sett krav til kommunane om å ha beredskapsråd, men når eit slikt krav kjem, er førebels uklårt. Spørsmål til ordføraren:
- Har Stord kommune eit beredskapsråd?
- Har me noko samarbeid med nabokommunar når det kjem til beredskap? Om ikkje, ser ordføraren på dette som ei sak som burde løftast i Sunnhordlandsrådet?
- Har tryggleik og beredskap fått større fokus i arbeidet til kommunen siste tida?