Helse Fonna etablerer sjukehotell

Helse Fonna disponerer fem rom på HSR, som skal brukast som sjukehotell.

Helse Fonna leiger fem rom på Revmatismesykehuset, som kan brukast av pasientar som skal eller har vore til behandling, pårørande og vikarar.

(Tekst/Foto: Magne Kydland, Helse Fonna)

Det er inngått avtale med Haugesund Sanitetsforenings Revmatismesykehus (HSR) om leige av fem rom i 2. etasje, som skal nyttast som sjukehotell. To av romma er dobbeltrom.

Dermed kan Helse Fonna tilby overnatting nær sjukehuset for dei prioriterte gruppene. Dette kan gjere det lettare for til dømes pasientar med lang reiseveg til poliklinisk behandling som går over fleire dagar, eller som treng å kome dagen før innlegging.

Opnar denne veka

Sjukehotellet er ikkje for innlagte pasientar, og pasientane må sjølv søkje refusjon frå Pasientreiser etter gjeldande reglar. Gjester ved sjukehotellet må vere i stand til å greie seg sjølv.

Det er mogeleg å booke rom frå og med onsdag 12. mars.

Tilsette og vikarar bookar rom sjølv på intranett, medan pårørande og pasientar må kontakte avdelinga dei skal eller har vore til behandling hos, som opprettar bestilling. Det er viktig at stadfesting frå avdeling er med ved innsjekk.

Her kan du booke hotellrom på vegne av vikarar, pårørande eller pasientar som skal eller har vore til behandling: Sjukehotell – Helse Fonna HF

– Vi har sett til dei andre føretaka i vest korleis dei har organisert liknande ordningar, og vi har hatt ute ei spørjeundersøking til alle kliniske avdelingar ved Haugesund sjukehus og HSR, og landa på at vi no startar med sjukehotell. Dette vil seie at hotellet ikkje vil kunne ta imot pasientar som er innlagt, då hotellet ikkje har eiga bemanning, opplyser Idar Ådnesen, rådgjevar i Bygg, drift og eigedomsutvikling i Helse Fonna.

Frukost er med i prisen

Prisen for ei natt på enkeltrom er 850 kroner, og inkluderer frukost, som ein kan få i kantina i 3 etasje på Haugesund sjukehus. Tilsette som bur på Hotell HSR får frukostpakke ved innsjekk. Prisen for dobbeltrom er 1050 kroner.

Sjukehotellet er eit tilbod for ikkje-innlagde pasientar med lang reiseveg, og pårørande til pasientar som er innlagde på intensivavdelinga. Også pårørande til barn, pasientar med polikliniske seriebehandlingar, og pasientar med trafikale utfordringar kan bu på sjukehotellet.

Ordninga skal evaluerast etter sommaren. Då vil ein også vurdere om ein i framtida skal etablere pasienthotell.