Eit tidsbilde frå krigen

Peter Hermansen

Fredag 21. mars klokka 18:00 kjem Johanna Seim Hjelland til Gamle Fengselet kulturhus. Ho er dotter av Peter Hermansen frå Lykling på Bømlo. Han var prostiprest i Sunnhordland då han vart arrestert av tysk politi i 1942.

Hermansen sat i mange ulike fengsel på veg til fangeleiren Sachenhausen i Tyskland. Det første var fengselet på Stord. Ut frå ein svært spesiell grunn vart han sett fri før krigen var slutt.

Seim Hjelland, som er fødd på Frigjeringsdagen i 1946, fortel om faren og familien hans si krigshistorie.

Billettar kjøper du her!