Sogelaget – Veldriven og aktiv 30-åring

Godt frammøte til sogelagsårsmøtet i Museumshallen. (Foto: Steinar Hystad)

Rusleturar,  eige årsskrift, samarbeid med Sunnhordland Museum og medlemsturar. Dette var dei fire «retningar»  Stord Sogelag skule drivast etter, vart det vedteke på skipingsmøtet i april 1994. Arnstein Lohndal  hadde ideen, Nils Tore Økland var med skipingsmøtet og har vore aktiv på medlemslista sidan. På årsmøtet tysdag kveld fortalde Økland at det på desse åra er skrive og gjeve ut 30 årsskrifter med totalt 3000  sider lokalhistorisk stoff.

Rusleturar har det vore jamt, med god oppslutnad. På årsmøtet kunne attvald leiar, Odd Stuve Rommetveit, lova at det blir informative rusleturar  også i jubileumsåret, med start 22. april med runde i Åsringen – som også har forvitneleg soge å fortelja.  Seinare på året er det planar om rusletur på Sæterbø i Fitjar og i Vikanesområdet.

Årsmeldinga for fjoråret stadfestar  god og økonomisk sunn drift, med medlemstal nær 200.

– Mange hender i veret

– Kor mange av dåke har høyrt gjete Emil Moe? Og kor mange av dåke var innom kontoret hans då han var i Klingsheimhuset, eller Rådhuset, eller når han avslutta legegjerninga med kontor på sjukeheimen? På begge spørsmål fekk dotter, Inger Johann Moe, svar med ei hand i veret frå samtlege i Museumshallen. Og dei var ikkje få. Foredraget hennar blei ein  sogetime av dei sjeldne, med info frå familietid og legearbeid rundt i landet, før fitjarfødde Emil Moe  tok stilling som distriktslege i Stord i 1963 – og i godt 30 år vidare

Inger Johanne Moe fortalde livat om faren, den vidgjetne distriktslege Emil Moe. (Foto: Steinar Hystad)