Sitkagranar prøver seg igjen

Det gror til att på holmane nett nordom Nordhuglo. (Foto: Steinar Hystad)

Åra mellom 2012 og 2015 vart det med dugnadsinnsats fjerna vegetasjon frå  holmane i innsegling til Nordhuglo. Mellom vekstane var det mykje sitkagran og det var særleg på Storholmen, Flatholmen og søre Klungerholmen granane hadde funne grobotn.  Etter hogsten vart  holmane igjen ein ynda hekke- og tilhaldsplass for sjøfugl.

– Dette vonar me å halda i hevd ved å rydda vekk vegetasjonen som no held på å etablera seg. Me ønskjer å få fram att det gamle kulturlandskapet på holmane, skriv Huglo Bygdelag i ein søknad til landbrukskontoret i Stord kommune. Her blir det vist til at «Det Offentlege» tidlegare har ytt tilskot til slike føremål.