«Sunnhordland» blir nordlending komande halvår

To lengre oppdrag som losjiskip ventar i Nord-Noreg. Kursen blir sett mot Andenes i Vesterålen alt komande fredag.

Måndag gjekk Veteranskipet «Sunnhordland» frå  Ventekaien i Leirvik til Westcon i Ølensvåg for årleg klassing. Men når båten fredag denne veke set kursen mot Nord-Noreg, vil han ikkje bli å sjå i fartsområdet han har namnet sitt etter, før i september.

– Ja. Framover blir «Sunnhordland» nordlending, seier Kjell Fylkesnes i eigarselskapet.

– To større oppdrag ventar i nord. Første stopp bli Andenes, der den tidlegare snøggruta skal liggja som losjiskip i samband med etablering av eit nytt oppdrettsanlegg. Ferdig der, går båten inn i same type oppdrag for Siemens, i samband med etalering av vindmøllepark i ein nordnorsk fjordarm. Eine kontrakten vart signert for kort tid sidan, og i begge tilfelle skal veteranskipet syta for godt mat og overnatting for anleggsfolket. Samla sett gode kontraktar for selskapet, fastslår Fylkesnes. Det er tre døgers seglas til Andenes.

For somme av dei som har tinga «Sunnhordland» til blåtur i sommar, er det ordna med alternativt opplegg etter det Stordront.no får opplyst.