
I Halden fengsel sit det 250 menn, mange med lange dommar i den øvre enden av straffeskalaen: Drap, store narkotikasaker, grov vald. Sidan 2013 har nokre få av desse kunna melda seg friviljug til å vera med på noko unikt: Å leva som munkar. Ei avdeling av fengselet vert lukka, og fungerer i tre veker som eit kloster.
Gjennom 21 døger fylgjer dei innsette ein 500 år gammal tradisjon etter Ignatius av Loyola, der dagane er fylte av stille, meditasjon, messer, felles tidebøner og brutalt ærlege samtalar om eigne liv. I denne tida må ein òg avstå frå andre impulsar som fjernsyn, radio eller annan kontakt med omverda.
I Øystein Mamens nyaste film «Straff» får vi fylgja Hassan, John, Christian og Bjørn gjennom dette programmet, og deira refleksjonar over korleis dette kan endra liva deira.
Filmen vert sett opp i eit samarbeid mellom Stord kino og Stord kyrkjeakademi. Han varer i 1 t og 40 min. I Småsalen, Kulturhuset Tysdag 18. mars kl. 1900.
Norsk presse har gjeve svært gode kritikkar. Her er eit lite «knippe»:
- «Når de åpner seg, er det sterkt» (Aftenposten)
- «Den beste julefilmen hittil» (Klassekampen»
- «Sjelde sjanse til ettertanke» (Nettavisen)
Før filmen vert det ei kort innleiing om ignatiansk spiritualiet med Jørgen Knudsen.
Og etterpå vert det høve til ein prat og ein kopp kaffi eller te i foajéen.
Stord Kyrkjeakademi.