Fortel om «Den siste distriktslege» – Emil Moe.

Frå  legekontoret i Stord Rådhuset. Frå v. søster Astrid, Jorunn Moe og distriktslege Emil Moe
(Foto frå omslaget på boka «Den siste distriktslege» – av Emil Moe)

Innhaldet i foredraget som innleiar sogelget si opne samkome på  Sunnhordland Museum tysdag 11. mars (kl. 1800), kjem frå særs velinformert hald. For der skal  Inger Johanne Moe  fortelja om far sin, Emil Moe – den vidgjetne legen og alt han hadde føre.  Dei som har vore heldige og sikra seg Emil Moe si bok med tittelen  «Den siste disgtriktslege» veit at  fitjarguten fekk eit umåteleg spennande, innhaldsrik, fargrikt og mangslunge liv. Etter å ha vore distriktslege for  Værøy og Røst i Lofoten og seinare i Austevoll kommune, overtok  Emil Moe som distriktslege for Stord  etter broren Knut Moe. Då var me komne til 1963.

Etter foredraget blir det årsmøte i Stord Sogelag, som  kan sjå attende på 30 aktive år.  Jubileet blir markert med servering av kake og kaffi.