
Framtidig skulestruktur for område setrum er for tida til drøftinga i kommunale organ, og onsdag var det Ungdomsrådet som fremja si meining. Spørsmålet er kva som blir beste løysing: – Etablering av ein samanslått Leirvik og Langeland skule, opp mot opprusting av eksisterande skuleanlegg ve Laeisrik og Langeland. Ungdomsrådet sende frå seg denne samrøystes vedtekne uttalen:
«Ungdomsrådet meinar at kommunen skal behalde dei barneskulane som er i dag, og ikkje satse på ei samanslåing av Leirvik skule og Langeland skule. Ved å behalde mellomstore skular vil ein ha mindre miljø, som fører til at elevane har kortare og tryggare skuleveg, at det er lettare å ha gode klasse- og skulemiljø og at lærarane enklare kan få tilknytning og gode relasjonar til elevane»