Har fenomenet  eit eige namn?

Tåkepølsa låg lenge i Bømlafjorden utover føremiddagen laurdag. (Foto: Steinar Hystad)

Langenuen låg blank som ein klar spegel frå langt i nord og  sørover til eit godt synleg Hovanes. «Bak» neset  reiste det seg ein skoddevegg mange  timetrar til vers, men ikkje høgare enn at fjellet bak Tittelsneset  (Trollvassnibba på 432 moh?) var godt synleg.  Skodda låg som ei pølse i heile  Bømlafjorden laurdag, frå tidleg morgon til godt etter lunsj.  Ymse slag slike verfenomen har sine eigne namn, og no lurer Stordront på om den kvite «tåkepølsa» som stundom legg seg i fjordane, har eit døypenamn? 

Har du svaret, send nokre ord til  tips@stordront.no