
Venelaget for Gruo. Hørselshemmedes Landsforbund i Sunnhordland. Røde Kors. Internasjonal Kulturklubb. Stord – Fitjar Turlag. Stord Knivklubb. Langslaget for lunge- og hjerte (LHL). Temakafe Sunnhordland. Stord Bygdekvinnelag. Eldretreff Leirvikstova. Frivilligsentralen med datatreff og trim, Stord Sogelag. Sunnhordland Revmatikarlag. Persjonistforbundet avdeling Stord. Stord kulturhus (med føremiddagskino, føremiddagssymjing og bibliotek.)
Felles for nemnde «partar» er at alle har aktivitetar for dei som er komne i seniorklassen og kan tenkja seg å sysla med eitkvart i den ekstra fritida ein har fått . Tilboda på Stord er altså mange. Kulturetaten og frivilligsentralen hadde til Fritidstreffet for seniorar i Kulturhuset torsdag laga eit greitt og oversiktleg hefte med informasjon om alt eldre kan vera med på. Det er noko mest kvar einaste vekedag.
Dette var tredje året på rad kommunen inviterte til seniortreff med godt frammøte. Samling i minste kinosalen først, der Astrid Larsen tok publiken med på ein rikt illustrere biltur frå nord til sør på Shetlandsøyane. Dei er det 100 av, med busetnad på 18 øyar. 23.000 shetlendarar å møta, derav 7.000 i hovudstaden Lerwick. Ein kjekk by, kor ein sommarstid nesten er sikker på å treffa på ein eller flerie stordabuar på besøk. Flyturen vestover frå Flesland tek ein god time. Sjølv har Astrid Larsen vore på Shetland 35 gonger. Så er ho då også dotter av vidgjetne krigshelten «Shetlands-Larsen».
Siste programpost for treffet, var mingling i vestibyeln med godbaks og kaffi frå medlemer i bygdekvinnelaget.
