
Tema i år er Endring og overgang, og sentralt i programmet, som går over to dagar, står «Klimaterifesten» på Spinae, kunstutstillinga «Faser og følelser» med Torill Berger på Galleri Giga og konsert med vår faste 8. mars trubadur Magnhild Halland på Åtgaum, i tillegg seminaret «Ho styrer og ho leiar» på Atheno og kvinnekino i Stord kulturhus.
I 2025 samarbeider 8. mars initiativet, som er eit tverrpolitisk forum for markering av Kvinnedagen på Stord, og samarbeider i år med ei rekkje andre lokale: Stord kulturhus, Galleri Giga, Atheno AS, Spinae, DNB og Åtgaum.
Program 7. og 8. mars 2025:
Fredag 7. mars: «Ho styrer og ho leiar» – DNB og Atheno inviterer til ein kveld med fokus på leiing, styrearbeid og verdien av kjønnsbalanse i styra. kl.18.00 – 21.00, i Atheno sine lokaler på Vabakken 6, Stord.
Gratis inngong – gi ein lyd til DNB og Atheno om du kjem: DNB.
Fredag 7. mars:
Vorspiel til Kvinnedagen: Velkommen til den store Klimaterifesten: Heit & Hysterisk. Dette blir «ein hyllest til kvinnekroppen, der du får fagleg påfyll, kvinneforsking og kvinnehistorier, og mykje latter. Ta med venninnegjengen till Spinae for å le og ta del i praten om å vera kvinne!
Klimaterifesten byr på lett servering – kostnad 250 kr. Kl. 19.00 på Spinae Company.
Laurdag 8. mars:
Kvinnekino, Stord kulturhus. Stord kino sett opp to filmar denne dagen med kvinnerelaterte tema – ein for dei vaksne og ein for dei litt yngre.
Kl. 12.30: «Når høsten kommer»
Regissøren tar oss inn i sinnet til ei eldre dama, tilsynelatande ei perfekt bestemor i eit smertefullt familiedrama – kva rolle har den eldre kvinna i dagens samfunn?
Kl. 15.30: «Den stygge stesøsteren»
Kva gjer ein ikkje for å passa inn / passa Askepott sin glassko? Eit blikk på dagens ungdom og presset dei står i om å vera populær.
Laurdag 8. mars:
Utstillingsopning «Faser og følelsar» på Galleri Giga med Torill Berger. Ho syner bilete med fokus på kvinna og hennar overgangar i livet, og seier sjølv at utstillinga er ei «hyllest til alle våre kvinnelige «overgangar» i livet på godt og vondt».
Utstillinga opnar kl. 13.00 og her vil det også vera appell på kvinnedagen med Hilde Hauglid og internasjonal appell før sjølve utstillingsstart. I tillegg blir det perfomance med Margrete Slettebø frå Bømlo, med tittelen «And tame things have no immensity». Ho er inspirert av japansk butoh-dans og meditativt praksis i sitt arbeid, og utforskar korlies me blir forma av minner og konsept som sit fast som avtrykk i den fysiske kvinnekroppen
Laurdag 8. mars:
Nachspiel – MAGNHILD spelar på 8. mars! Songaren Magnhild Halland frå Stord byr på ein konsert full av nærvær og musikalsk nerve på Åtgaum. Med sterke tekstar og ein varm vokal skapar ho eit eige rom der publikum blir trekt tettare inn i musikken. Inspirert av Joni Mitchell og Lizzy McAlpine balanserer ho det sårbare og kraftfulle på elegant vis. Med seg på scena har ho gitarist Jeppe Volden Skara. Byrjar klokka 21.00 – billettar her: MAGNHILD – Spelar på Åtgaum 8. Mars!