
TILBAKEBLIKK: Det største i Sunnhordland og det finaste på Vestlandet, vart det sagt om Stord senter då det vart opna for publikum torsdag 15. mars 1985. Ei myndlande opning, melde Sunnhordland. Og myldring av godtfolk mellom butikkane i bygget var det jamt heile dagen, frå snorklypp og tale ved varordførar Olav Myhre på tidleg føremiddag til stengetid på sein kveld. Leirvik Skulekorps friske opnings-stunda med feiande marsjar.
Ein stad mellom 8000 og 10000 besøkande var innom i løpet av dagen, tippa formann i senterforening Bjarne Madtsen. Det vanka mykje vellete for ny-etablering, og handelen gjekk godt.
Slik handelen har vore i senteret i 40 år alt. Siste år under Amfi-senter flagget.
