Utval for byutvikling på tre synfaringar

På Hystadbakkane – mot Hystadvegen – er det planar om større bygg med bustader og forrening. (Foto: Steinar Hystad)

434 dokument – det er kva medlemene i Utval for byutvikling har i «lekse» til utvalsmøtet komande torsdag. Eit møte som startar med to timar avsett til synfaringar, før ein samlast i kommunestyresalen til vanleg tid, klokka 1400.  

Liarstøl er første stopp på runden. Der har oppsitjar søkt om å få byggja garasje under terrenget, men har fått avslag via delegert saksbehandling hjå RBO. Det er klaga på vedtaket, og då går saka vidare til politiske behandling i utvalet.

Hystadbakkane er neste stopp, i området ved Hystadvegen der det er grove ut lende med tanke på fornminne. Eit større bygg med forretning på «gateplan» og tre høgder over med husvære er planlagt på tomta.  Kommunedirektøren rår til positivt vedtak.

Ein av dei eldre bygningane på Vikjo, har adresse Nattrutekaien 8. Det høge smale murbygget som for 130 prosent innfødde er best kjent som «Vestvikhuset» skal få ny funksjon. Der har det vore mangslunge innhald, frå lager for Køff’en, røyr-og sanitær handel, diverse serverings-stader, og i dei seinare år frisørsalong. Synfaring no gjeld søknad om omgjering av første og andre etasje til forsamlingslokale. All endring vil skje innandørs og den kommunale saksbehandlar rår til ja-svar.