
Måndag ettermiddag var gjerda sett til sides og nyevegen opp til nyeskulen på Vabakken kunne takast i bruk. Ein flott veganlegg med alle trafikkregulerande
installasjonar på plass: refuge, skilt, kvite striper, godt veglys og opplyst overgansfelt (for dei som går gangvegen mot eller frå tunnelane). Og sjølvsagt eige fortau opp til skulen.
Grei sideveg er bygd mot den vestre parkeringsplassen på Vabakken. Stordront.no har prøvd å få svar på om det framleis blir parkering på austsida av den fjerde «armen», mot busstoppen, men i det spørsmålet er ikkje svaret gjeve, førebels.
Til dei som reagerer på at det har forsvunne parkeringsplassar langs FV 544 med den nye skulevegen, er det å minna om at det blir plassar å setja bilar på oppe ved «yrkesskulen» – til bruk i helgar og på kveldstid.