Ikkje eigne «Stord-reglar» for  høns i tettbygde strok

(Foto: Finn Mund on Unsplash)

Huseigar i Stord med planar om å skaffa seg høns og kunna plukka ferske egg frå bur i eigen hage, har spurt seg føre om regelverk i slike tilfelle. Hjå nytilsette landbruksfagleg leiar, Aase Rygg Nottveit har huseigar fått desse opplysningar:

«Det er ikkje lokal forskrift i Stord om hald av høner i tettbygd strøk, det eg har funne.  Rår deg til å informere naboane om hønene i førkant slik at dei vert trygge på at de har kontroll.  Legg ved link til info som eg fann: ‘Regler For Høner I Boligstrøk – eRegler’. Lukke til med hønehald.»