Spør om sal av Litlabø skule

Lokale eldsjeler vil kjøpa  tidlegare Litlabø skule til bruk som nærmiljøanlegg. (Foto: Steinar Hystad)

Gaute Straume Epland  (Ap) har meldt følgjande spørsmål til kommunestyret:

Etter nedlegginga av Litlabø skule har lokale eldsjeler etablert Litlabø nærmiljøanlegg for å betra nærmiljøet knytt til den tidlegare skulen. Eitt av tiltaka dei ynskjer å gjera, er å kjøpa den gamle skuletomta for å kunna utvikla den til ein trygg og triveleg samlingsplass for folk i alle aldrar.

Me i Stord Arbeidarparti vil rosa initiativet og stiller oss positive til å selja skuletomta for at den skal kunna verta gjort om til ein samlingsplass for folk i nærområdet.

Onsdag 9. oktober 2024 sende Litlabø nærmiljøanlegg v/leiar og nestleiar førespurnad til kommunen om å få kjøpa tomta. Så vidt eg er kjent med, har dei enno ikkje fått svar. Eg har difor følgjande spørsmål som eg håper å få svar på i møtet i kommunestyret 20.02.25:

1. Kva er grunnen til at førespurnaden frå Litlabø nærmiljøanlegg ikkje er svart ut av Stord kommune?

2. På kva måte legg ordførar/kommunedirektør opp til at førespurnaden skal handsamast av kommunen?