Ja til Leirvik og Langeland skular

Leirvik skule. (Foto: Steinar Hystad)

I eit brev til Stord kommune kjem Utdanningsforbundet Stord, FAU og SU ved Leirvik skule med følgande innspel til rapporten om framtidig skulestruktur for Leirvik og Langeland skulekrinsar:

FAU og SU ved Leirvik skule vil trekkje fram at ein i arbeidet med rapporten har sett på Leirvik skule i eit nytt lys og at det er kome fram kreative og spanande løysingar for opprusting av Leirvik skule. Løysingar som både dekkjer behov for pedagogisk areal, men og tek vare på den bygningsmassen som fungerer.

Det er viktig å presisere at fleire av innspela som blei gitt frå FAU før forstudien starta omhandlar tematikk som ikkje er svara ut i rapporten då dette ligg utanfor bestillinga til Multiconsult og Link. Dette gjeld samfunnsmessige konsekvensar, som nedbygging av Leirvik som sentrum og vurderingar kring elevmasse og demografi.
Leirvik skule som hjørnestein i sentrum

Leirvik skule er ein hjørnestein i lokalsamfunnet og bidreg sterkt til at barnefamiliar ynskjer å busette seg i sentrum. Ei nedlegging av skulen vil føre til ei svekking av Leirvik som attraktivt bumiljø for småbarnsfamiliar, noko som vil bidra til å flytte sentrumsfunksjonar bort frå byen og over mot næringsområdet på Heiane. I ei tid der vi ser at lokalsamfunna våre står overfor store demografiske utfordringar, med ei aldrande befolkning og behov for å tiltrekke seg yngre innbyggjarar, meiner vi dette er ei svært kortsiktig og lite berekraftig strategi.

I samfunnsdelen av kommuneplanen til Stord kommune (2022) blir det framheva at det er viktig å gjere Leirvik sentrum attraktivt for ulike grupper, inkludert barnefamiliar. Eit av hovudmåla er å skape eit levande sentrum med gode bumiljø, trivsel og tryggleik, som skal bidra til at fleire barnefamiliar vil bu der. Å ha ein sentralt plassert skule støttar opp om desse måla, medan nedlegging av Leirvik skule vil kunne svekke attraktiviteten for tilflytting av barnefamiliar.

SINTEF har i år komme med nye råd for utforming av grunnskular. I følgje desse råda er plasseringa av Leirvik skule midt i sentrum noko som samsvarar med beste praksis for skuleutvikling. SINTEF understrekar at skuleanlegg bør vere ein kjerne i lokalsamfunnet og spele ei viktig rolle i berekraftig stadsutvikling. Ved å plassere skulen i sentrum, legg ein til rette for at skulen ikkje berre fungerer som ein læringsarena, men også som eit samlingspunkt for heile lokalmiljøet. I tillegg peikar SINTEF på at trygge gang- og sykkelvegar er essensielle for skulestrukturen. Å flytte skulen ut av sentrum vil svekke denne tilgangen og motarbeide kommunen sitt mål om å styrke sentrumsutviklinga for å gjere Leirvik meir attraktivt for barnefamiliar.

Me oppfattar at enkelte argumenterer for at også Heiane er eit sentrum på lik linje med Leirvik. Sjølv om Heiane er eit regionsenter og eit viktig tilskot i vår region vil me vektlegge at det i hovudsak er eit område etablert for handel, næring og industri og er ikkje eit område som bidreg til fysisk aktivitet, leik, sosiale sonar eller varierte pedagogiske tilbod for born og unge. Det er Leirvik sentrum som er bysentrum for kommunen, og det ligg i kommunens strategi å bygge opp om Leirvik sentrum, og gjere det attraktivt for barnefamiliar å busette seg der, og då er skule innan gangavstand ein vesentleg faktor. Nærleik til det sentrum kan by på av tilbod som bibliotek, symjehall, museum, parken og idrettsarenaen på Vikahaugane er viktige fordelar for Leirvik skule.

I kommunen har me fleire store arbeidsplassar, særleg innan helsesektoren og industri, som treng å rekruttere dei med kompetanse ein må reise vekk for å tileigne seg. Me treng at utflytta stordabuar ynskjer å flytte heim etter ferdig utdanning, og me treng å vere attraktive også for heilt nye innbyggjarar. Eit svekka sentrum vil gjere Stord mindre attraktiv, både når det gjeld busetting og næringsutvikling.

Storskule versus småskular
FAU og SU undrar seg over at rapporten viar mykje plass til ein analyse av fordelar og ulemper med små skular og store skular all den tid det er slått fast tidleg i rapporten at både Leirvik og Langeland med over 300 elevar kvar er å rekne som store skular i Noreg. Då vert det underleg å trekkje fram storskule-fordelar med det samanslåtte alternativet då dette er etter vår vurdering fordeler me allereie no drar nytte av.

Pedagogiske vurderingar
Me stiller spørsmål kring dei pedagogiske vurderingane som er gjort i rapporten. Er desse nye og utført av personar med pedagogisk kompetanse, eller er dei basert på kommunen sitt tidlegare arbeid i denne prosessen?
Det har vore mange innspel frå lærarar og anna skulefagleg personell før og i denne prosessen, og me saknar at lærarane sin erfaringsbaserte kunnskap om skulekvardagen og pedagogiske omsyn vert tillagt vekt.

Elevtal
Det står i vedtaket om forstudiet: «Forstudien må basere seg på oppdaterte elevtal i kommuneplan for skulestruktur og skuleanlegg 2024-2034».

Tala som er oppgjevne for Leirvik skule er feil, allereie for første året i tabellen. Den estimerer eit elevtal på 335 i 2025, medan det no ligg ann til å bli om lag 354 elevar hausten 2025.

Fordelar med å oppgradera Leirvik skule
Rapporten trekk fram fordelar med å ta vare på og oppgradera Leirvik skule. My ynskjer å utfylle lista med ytterlegare punkt.

  • Sosial arena utanom skuletid: Skuleplassen og omliggande areal er hyppig i bruk av born og unge utanom skuletid.
  • Kultur og idrett: Lokala til skulen har ein stor betydning for kultur og idrettslag som nyttar areala til øving og trening, og er ein viktig treffstad i sentrum
  • Synergieffektar med andre tenester: Nærleiken til sjukeheimane i Leirvik gir høve til samarbeid mellom skulen og helse- og omsorgssektoren.
  • Kort skuleveg: Skulevegen er ein viktig arena både for sosialt samvær og fysisk aktivitet.
  • Mangfald og integrering: opp mot 30% av elevane har minoritetsbakgrunn. Med den skulestorleiken Leirvik har i dag opplever lærarane at det er god integrering og eit oversiktleg miljø.
  • Sosialt: Geografisk nærleik til vener.
  • Oppgradering: FAU og SU stiller seg positive til oppgraderinga som er skissert for Leirvik skule. Spesielt er det positivt å få opne opp skuleplassen, jamne ut nivåforskjell og samtidig ta vare på det som er av skog og naturlege leikeareal rundt skulen

Kommentarar til rapportens innhald om storskule på Langeland
Ein del av fordelane som er skissert rundt fordelar med storskule viser igjen til det som rapporten omtalar kring små versus store skular. Her vert det viktig å igjen understreke at Leirvik og Langeland er store skular. Dei eksisterande skulane har allereie mange elevar pr trinn med stort mangfald og høve til å bygge sosiale nettverk. For det sosiale utanom skulen er og geografisk nærleik til klassekameratar ein fordel.

FAU og SU kan ikkje sjå at utearealet skissert for den nye storskulen vil bidra til meirverdi for elevane. Mykje av arealet er fotballbane og eventuelt myr om denne ikkje vert fylt, og det er ikkje areal som innbyr til frileik, men meir til organisert vaksenstyrt leik.

Økonomi
Når det gjeld dei økonomiske sidene framstår det som opplagt at oppgradering av dei to eksisterande skulane er å føretrekke framfor bygging av ny storskule ut i frå dei tala som er presentert for oss i rapporten. For alternativet på Leirvik skule vil det og vere gunstig at ein kan nytte 97-bygget og brakkene til å huse elevane fram til dei nye klasseromma er klare.

FAU har gjort nokre betraktningar rundt driftsutgifter og investeringskostnader ved dei ulike alternativa. Sjå vedlegg.
Økonomiske omsyn rundt oppbevaring av Langelandselevane i byggeperioden er ikkje med i berekningane i rapporten. Dette vil kunne bidra til ein betydeleg kostnad.

Trafikksikring, og støyvoll/sikring mot E39 er heller ikkje medrekna.

Trafikale tilhøve og skuleveg
Ein ny storskule vil føre til at mange fleire foreldre vil køyre borna til skulen, og dei borna mistar denne viktige arenaen for fysisk aktivitet og sosialt samvær. Tidlegare anslag syner at berre om lag 5% av Leirvik skule sine elevar bur så langt frå skulen at dei må skyssast til skulen. Ved ei eventuell nedlegging av Leirvik skule ville konsulentane anslå at om lag 35% av elevane blir køyrd til storskulen på Langeland. Dette vil få store konsekvensar for familiar i Leirvik skulekrins, familiar som har busett seg slik at dei i dag kan klare seg med mindre bilkøyring i kvardagen.
35 % av elevane i bil vil bidra til ein markant auke i tal på bilar på vegane i tidsrom med allereie stor trafikk. Dette vil påverke både trafikktryggleik for mjuke trafikantar og klimaavtrykket i kommunen. I tillegg til dei økonomiske konsekvensane for familiar som plutseleg vert avhengige av bil for å få kvardagen til å gå rundt.

Avslutning
FAU og SU ved Leirvik skule ynskjer med dette å understreke viktigheita av å bevare og oppgradera Leirvik skule som ein sentral del av lokalsamfunnet. Me meiner at ei slik løysing ikkje berre vil ivareta dei pedagogiske og sosiale behova til elevane, men også bidra til ei berekraftig utvikling av Leirvik sentrum med omsyn til både økonomiske og samfunnsmessige faktorar.

Me takkar for presentasjonen av rapporten og for det grundige arbeidet som er gjort og håpar at våre innspel blir tatt i betraktning i den vidare prosessen, og at avgjerdene som blir tatt vil reflektere dei langsiktige behova til både elevar og lokalsamfunnet.

Med venleg helsing,
FAU og SU ved Leirvik skule