Kvar singel og kvart sandkorn kom vel med

Godt strødd gangveg er gull verd i desse dagar. (Foto: Steinar Hystad)

Enno nokre dagar vil det vera kaldt og glatt for den som vil ut å gå, og dei er det mange av. På vegner av oss alle blir det med dette oppslaget på Stordront.no sendt ei hjartegod helsing til dei som har strødd og gjort fortau og gangvegar rimeleg godt  framkomelege. Kvar ein singelstein og kvart einaste sandkorn har vore ei rein velsigning å få setja foten nedpå. Skamglatt som det har vore og framleis vil vera fram til mildveret orndar resten.