
Eit samla publikum tett på 1500 løyste billett til dei fire framsyningane av Peter Pan i storesalen i Stord Kulturhus. Det gjev ein høg «kabinfaktor» per forestilling og dermed kan Stord Teaterlag kryssa av for ei ny suksess-oppsetting for barne- og ungdomsgruppa. 41 hadde rollar i Peter Pan, medan eit aktivt foreldrekoprs jobba i, og med, kulissane. Det vert meldt om god stemning i salen på alle forestillingane.
Dei som ikkje rakk, eller fekk høve til å sjå familiemusikalen no, får ny sjanse under Teaterfestivalen som går av stabelen i Stord kulturhus helga 4. til 6. april.