
Fredagane 7. og 14. mars kan du, saman med Leirvik Mannskor, legge ut på ei musikalsk reise i 100 år frå Kjøtteinen. Dette melder koret sjølv i ei melding til Stordront.no. Vidare på plakaten står å lesa:
Industri, musikk og sterke forteljingar – alt på éin kveld! Bli med på ei koseleg og engasjerande førestilling der
Leirvik Mannskor tek deg med på historia om Kjøtteinen – området som har vore med på å forme og utvikle lokalsamfunnet vårt gjennom generasjonar.
Med fengande songar, varme forteljingar og unike bilete får du sjå korleis industri og fellesskap har skapt det samfunnet vi har i dag. Frå sildoljefabrikken i 1919 til dagens verdsleiande offshoreverft.
Med seg på scenen i Stord kulturhus har Leirvik Mannskor med seg Arne Torget som forteljar og musikalsk gjest i Endre Olsen.
Begge framsyningane startar kl. 1900 og billettar er å få kjøpt i Stord kulturhus og på nett!
Sikre deg billett i dag – ikkje gå glipp av denne unike opplevinga, lyd oppmodinga frå Mannskoret.