
– Her MÅ på plass trafikksikring. Førebels må det opp fartsdumpar og skilt om at «born leikar». Når vegarbeidet er ferdig, håpar me det kjem opp skilt om «Gjennomkøyring forbode». Eg sit med hjarta i halsen når eg sender ungane mine på skulen. Gata vår er ikkje eigna for denne typen trafikk.
Sitatet er henta frå ein e-post oppsitjar i Nysæterhaugen har sendt Stord kommune. Gata i feltet er blitt gjennomfartsveg medan Nysætervegen for tida er anleggsområde i samband med eit større kommunalt vatn- og avløpsprosjekt. Ei mellombels ordning har ført til at det dagleg køyrer fleire hundre bilar via Nysæterhaugen. På ein veg som har breidde for 1 bil og som i tillegg er skuleveg. Fart er også ei kjelde til bekymring for oppsitjarane.
I anleggsperioden med stenget Nysæterveg, er det for «hovudtrafikken» lagt opp til omkøyring via Åsamyrvegen og Utslettevegen, strekningen er skilta med 30 km/t og det er lagt ut fartsdumparar.