3000 liter pr. dag

All mjølkeproduksjon i Stord kommune går no føre seg på Huglo. (Ill.foto: Steinar Hystad)

Dei fire bruka som leverer mjølk i Stord kommune, høyrer alle til på Huglo. Kvar tredje dag rullar hentebil frå Tine inn på tuna og køyrer  om bord att i ferja  med 9000 liter fersk mjølk i tankane.  

– Jo, det blir fine tal av det. Rundt 3000 liter for dagen, skulle gje rundt1,2 millonar liter på eitt år. Tal som også stadfestar at kyrne har det godt og yt godt, seier leiaren i Huglo bondelag, Albert Eikeland, til  Stordront.no. Mjølkebruka er plassert med eitt på Nordhuglo og tre på sør, der to av dei er i samdrift.

Ein meir biletleg presentasjon av kva mjølkemengde  det er snakk, får me ved å ha helsedrykken ned på einliters kartongar, som jo er den mest vanlege for moderne konsumentar.

Ein slik kartong er kvadratisk og har «breidde» på 7 centimeter. Set  me så 3000 mjølkekartong etter kvarandre,  vil dagsproduksjonen frå Huglo krevja 210 meter frå ytterkant på første til ytterkant på siste kartongen. (7 cm x 3000 = 210 m). Går me for å leggja kartongane etter kvarandre blir det 705 meter frå start til ende (23,5 cm x 3000 = 705 m). Tilsvarande lengda på sju fotballbanar, etter kvarandre