
– Får jorda tilførsle av skjelsand, blir ho nøgd, mindre sur og meir produktiv, seier Albert Eikeland.
Han er leiar i Huglo Bondelag som måndag tok imot 250 tonn skjelsand.Sanden vart levert frå M/S «Sandtroll», som brukar eit stort sugerøyr for å henta stoffet frå gunn sjø i Nordhordland. Ein må ha eigen konsesjon for å driva denne geskjeften.
Med traktorar og lastebil vart den naturproduserte jordvitaminen køyrd til gards rundt på øya. Klar til å spreiast på bøane.
– Det er ikkje kvart år me er like heldige med den delen av jobben, som i år. Turrvêret gjer at me kan køyra ut på frosen jord, seier Eikeland.
