Eit lite basseng – til kva?

Bassenget på toppen av Vikabrekko. (Foto: Steinar Hystad)

Like oppfor utkøyrsla  frå Leirvik skule, om lag der  delen av Fv544 med nemninga Vikastemmo møter Vikabrekko, har det laga seg til eit lite basseng i nordre vegskulder.

Det kan virka som at det under vatnet ligg ein kumme, som truleg har har med vatn- og avløp å gjera. Ved neste asfaltering i området, er det eit ynskje frå mjuke trafikkantar, små som store, at  kummen får seg ei ny toppramme og såleis får «hovudet over vatnet».  Det ville vera så mykje kjekkare.