Surra rundt og rundt i bakevjo

Opp og ned og att og fram og rundt i bakevjo. Rett utfor gjekk straumen stri i  Vadelva denne søndagen. (Foto: Steinar Hystad)

Med støtte frå litt fantasi kunne det sjå ut som kvite tallerkenar, men viste seg ved nærare tilsyn å vera små runde isflak. I ein heller stille del av Vadelva, like ovom Stokkli bu (den første på vege inn mot Hauglandskverna) surra flaka i ein runddans. Eit vassfenomen i ein mindre kulp, ei lita vik, i elva. Turfolk stoppa og såg, og fall i undnring om kva for rart dei var vitne til.

– Er det dette som kallast å koma i bakevjo. At det ikkje går på fram, berre rundt og rundt på staden kvil, undrast ein av tilskodarane.

Han får eit klart ja frå Wikipedia, som spør og svarar på denne måten

– Kva er bakevje?

– «Ei bakevje er ein straum i ei elv eller ein større bekk som på grunn av ei naturleg hindring skjer ut frå hovudstraumen og bøyer attende.»

Det var akkurat det som skjedde. «Tallerkenane» var rett og slett fanga i bakevjo.