For gode til berre å bli liggjande

Ligg på benken i gapahuken. (Foto: Steinar Hystad)

Skulle eigaren av dette paret «polvottar» (av merket HESTRA) lura på kvar dei varmande og vernande vottane er blitt av, kan Stordront.no tipsa om at dei ligg på benken i gapahuken ved Hauglandskverna. Observasjonen vart gjort søndag niande februar. Vottane såg så absolutt ut å vera alt for gode til berre å bli liggjande. Ønskjer eigaren god hentetur.