Feit og fin i år

Fine og feit – berre å gle seg til gauken gjel. (Foto: Steinar Hystad)

Om lag hundre på tal, ligg dei glinsande i baljen. Tekne på garn oppunder tysneslandet før helga og ligg no frysen, før dei oppunder påske skal gjennom neste etappe i lubbesildprosessen. Då venta vask og reinsk og flekking (i rygg for best kvalitet), røyking og oppheng. Klar til festmåltid er som kjent denne typen  sjømat når gauken har meldt frå med vårens første ko-ko-signal.

Stordront.no sin heimelsmann i sildespørsmål er smilande når han konstaterer at silda i år er både stor, feit og fin. Og kanskje like viktig, ho gjekk i garnmaskene på same tid og stad som i fjor – og dei kanskje 100 føregåande år. Som silde-normalt, med andre ord.