
Me er komne godt i gang med siste vintermånaden (etter kaldeneren), og det kan framleis vera så få plussgrader at et er godt med både hanskar, hua og skjerf. Men det går rette vårvegen, ingen tvil om det. Eit glimande døme vart fanga med mobilkameraet laurdag føremiddag medan sola klatra seg over furutoppane. Då var det såpass tinekraft at rim måtte vika for grøn bakke der strålene nådde ned. I skuggeland var det framleis kvitt.