Tak treng  tilsyn

Taket på tredje takseksjonen  er i ferd med å losna. (Foto: Steinar Hystad)

– Neste gong du gå forbi busshaldeplassen ved industriarbeidarmonumentet utfor Rådhuset, må du ta biletet av taket. Og særleg takplata over tredje seksjonen, den ser ut for å kunna fyka sin veg dersom det kjem ei kraftig vindflaga.

Slik lydde tipset Stordront.no fekk her om dagen. Etter synfaring kan med berre istemma oppropet. 

Taket over den spesielle bussventeplassen, og særleg seksjon tre (mot rådhuset) ser ut til å vera i mindre god stand.  Om det er kommunen eller fylkeskommunen som har hand om slike stoppestader, er me usikre på. Difor går det her ut ei adresselaus oppmoding om at nokon må ta tak i taket, før det fer sin veg.