Ikkje rare «pølsebiten» att

Vindpølsa på stordsida av Bømlabrua har fått hard medfart. (Foto: Steinar Hystad)

At vinden kan vera ekstra tøff i kasta når ein skal over Spissøysundet på 998 meter lange Bømlabruo, skulle vera godt kjent. Difor er det fleire varsel,  så ein kan sjekka kva vindstyrken er til ei kvar tid. Ei teknisk tavle med tal som fortel om vind i meter  per sekund,  og vindpølse som viser kvar blesten kjem frå.  Med tida er typosen på stordsida blitt eit fillete småviftande bevis på kor øydeleggande effekt kraftvind over tid kan ha. Det er ikkje rare «pølsebiten att». Men det let seg vel snøgt ordna?