– Slik du finn staden, skal han skina når du går

Grillhytta i gjestehamna etter ryddinga.

På hamnekontoret er dei fullt klare over at grillhytta/gapahuken i Leirvik gjestehamn har så ymse besøk, og at somme av dei som tek seg ein paue under taket ikkje alltid ryddar etter seg. Jamfør biletet her på Stordront.no tidlegare i veka. Hamnesjef Inge Espenes tok sjølv turen for å sjekka – og rydda. Han håpar for framtida at dei som besøker grillhytta for eit måltid eller ei pratestund, forlet staden i same rydda stand som dei fann han.  

Slik såg det ut før hamnesjefen tok ryddejobben. (Foto:Tipsar)