Kan bli pant på strøsandbøttene

Ekstra mange ønskte gratis strøsand i bøtte frå kommunen. (Ill.foto: Steinar Hystad)

Den kraftgige snødetten som innleia 2025 på øya, fekk mange eldre i Stord til å svara ja-takk til kommunen sitt tilbod om ei bøtte støsand tilkøyrd gratis. Kirkens Bymisjon har oppgåva med å levera sanden til  innbyggjarane og kan alt så tidleg i «glatt-sesong» informera om stor pågang. Lista over mottakarar er i år mykje lenger enn tidlegare år, noko som har ført til emballasjemangel grunna bøttestopp frå kommunen. Bymisjonen har likevel sikra leveransar, i bøtter fått frå sponsor og bøtter innkjøpt med 10-prosents rabatt. 141 bøtter totalt.

Sidan det er heller få som leverer inn att «bøtta frå i fjor» har Kirkens Bymisjon eit forslag til løysing av floken. Som avslutting på informasjonsbrev til kommunen, kjem dette tipset:

«Til neste år kan det kanskje vera ein ide å introdusera ei panteordning. For eksempel kroner 50 i pant per bøtte. Om kommunen då ikkje får bøtta i retur, vil strøsandmottakaren heller ikkje få tilbakebetalt pantesummen».