Teaterlaget klar med  Familiemusikalen Peter Pan

Over 40 unge skodespelarar er med på oppsetting av Peter Pan i  Stord Kulturhus: ( Foto: Ingrid Kvernenes Misje)

«Ein mørk kveld hos familien Darling vaknar borna opp av skumle lydar. Det er nokre sjørøvarar som er komne for å kidnappa storesøster Wendy og bringe henne tilbake til Aldriland! Der ventar den pompøse og utilreknelege Kaptein Krok. Men, kva i all verda vil eigentleg Kaptein Krok med Wendy?»

Etter intens øvingsperiode er det komande laurdag klart for premiere på årets oppsetting frå  barne- og ungdomsgruppa i Stord Teaterlag: Familiemusikalen Peter Pan. Og der vil me får svaret på kva Kaptein Krok lurer på.

Dette er den klassiske forteljinga om Peter Pan med ein litt ny vri. Historia startar som den som oftast gjer,  ved leggetid for familien Darling sine born:Wendy, John og Michael. Men, i staden for Peter Pan er det Krok sine piratar som dukkar opp bak vindauga. Dei er der for å kidnappa Wendy og bringe henne til kaptein Krok. Michael og John som blir ståande att i barnerommet, må difor få hjelp av den lite engasjerte Tingeling for å redde søster si. Saman reiser dei til Aldriland der dei møter på daffe fear, modige solskinkrigarar, slitne havfruer, sinte piratar og ein svolten krokodille…

Det blir fire framsyningar i Stord Kulturhus: komande laurdag 8. og søndag 9.,  og  laurdag 15. og søndag 16. februar.

Bilete