– Det er ikkje noko fint å syn som møter dei som passerer gapahuken/grillhytta i Leirvik gjestehamn no om dagen, seier tipsaren som har sendt Stordront.no bilete av alt for mykje bos som flyt rundt benker og bord i «hytta».
Utsegna til tipsaren er det lett å vera samd i – ikkje minst av den grunn at dette er ein heilt unødvendig tilstand. Det er nemleg berre ein meter halvannan til næraste bospann.