Ervin Kohn, kjend frå det offentlege ordskifte, har vore forstandar i Det Mosaiske trossamfunn i Oslo i 13 år. Han har òg vore nestleiar i Antirasistisk Senter. Tysdag 11 februar vitjar han Stord kyrkjeakademi i Stord folkebibliotek.
Fokus denne kvelden er ikkje konflikten i Midtausten, men eit foredrag om antisemittisme. Kohn vil snakke om antisemittisme som fenomen og om antisemittisme før og no.
Seminaret startar klokka 19:00 og billett vert å løysa i døra.