Friidrett og familiefest i hallen

Full gass på 60 meteren innandørs på Vikahaugane. (Foto: Steinar Hystad)

– Med tanke på friidrett og komande tider, er me optimistar. Tett på 90 påmelde til stemnet i «Nyehallen» laurdag, samt godt frammøte av familiar til aktørane, gjorde det heile til ein rein happening. Slikt varmar eit friidrettshjarta, seier Runar Øvrebø til Stordront.  Han har 18 siste åra vore leiar i  Stord Friidrett, og følet for tida på  medgang for sporten.

– Særleg gjeld det for dei yngste klassane, like ned til 5-6 år, kor det er aukande frammøte til trening og stemner. I «Nyehallen» på Vikahaugane vart det sprinta 60 meter, hoppa høgde og lengde og støytt kule (spesialversjon til innandørs bruk). Høgdetevlinga vart spennande med mange nye personlege rekordar. I kulestøt viste karane i klasse senior at dei har godt tak på tekniske øvingar framleis.

– Deltakarane i dette hallstemnet kom frå Fitjar IL, Bremnes IL og Stord IL.