Torsdag 30. januar gjekk startskotet for ny-satsinga Fagveg her i regionen, der Nav region Sunnhordland i samarbeid med Vestland Fylkeskommune og næringslivet i heile Sunnhordland inviterte til informasjonsmøte på Stord.
I kulturhuset fekk dei godt over 100 frammøtte arbeidssøkarane høyre frå dei ulike bedriftene, samt moglegheita til å snakke med dei på “stand” i foajeen.
– Me er svært godt nøgd med at så mange tok turen for å høyre om prosjektet og frå bedriftene. Me vonar dette vil føre til at enda fleire får ein moglegheit til å ta ei utdanning og at bedriftene får tak i fleire av fagfolka dei treng, seier ein nøgd regionleiar i Nav, Håvard Lægreid.
Meir fleksibel opplæring
Opplæringsløpet i Fagveg-prosjektet er eit trepartsamarbeid mellom Nav, bedrift og kandidat. Fylkeskommunen vil stå for noko av opplæringa, som hovudsakleg skjer i bedrift. I samarbeidet vil ein koma fram til kva løp som passar for kandidaten.
– Med eit fagbrev blir du attraktiv på arbeidsmarknaden, du vil få høgare løn og det er eit kvalitetsstempel på kva du kan. Fagarbeidarar er framtidas arbeidskraft i Noreg. No vil me finna din veg, seier Lægreid.
Stabil arbeidsløyse i Sunnhordland
NAV registrerer 1,2 prosent heilt ledige av arbeidsstyrken i Sunnhordland i januar. Det tilsvarar 367 personar, noko som er ein nedgang på 43 heilt ledige samanlikna med januar 2024, men ein liten oppgang samanlikna med desember månad, der talet på heilt ledige personar var 314.
I same periode registrerer Nav 693 utlyste stillingar i regionen, noko som er det høgste talet me har sett på utlysingar sidan mars 2022.
– Normalt sett er det ein mykje større andel ledige stillingar i arbeidsmarknaden i januar samanlikna med andre månadar. Noko av dette skuldast at lærlingstillingar og at ein del sommarjobbar vert lyst ut allereie no. Me ser likevel at behovet for ytterlegare arbeidskraft er størst innan Helse, pleie og omsorg (314), seier Lægreid.