No må gåande følgja den grøne streken..

Gang- og sykkelvegen som skal brukast i anleggsperioden er teikna inn med grønt på kartet. (Foto: Steinar Hystad)

Stord kommune er i gang med arbeid med ny vassleidning frå Heiane Sag til Valvatne vassmålestasjon.

Arbeidet skal føregå langs, og delvis i fortau/gang- og sykkelveg på strekninga frå busstopp ved Heiane sag til Valvatne vassmålestasjon. Gang- og sykkelvegen vil vere open for mjuke trafikantar frå busstoppet ved Heiane sag og bort til gangbrua som går over E39. Strekninga kan bli stengt i kortare periodar ved sprengningsarbeid.

Frå gangbrua som går over E39 og mot Sagvågsvegen blir det arbeid langs gang- og sykkelvegen ned til busstopp tvers for Meatjørna. Gang- og sykkelvegen blir stengt for vidare ferdsel mot Valvatna, og mjuke trafikantar må følgje skilting på staden. I anleggsperioden må ein nytta gang- og sykkelvegen på sørsida av Meatjørna, kunngjer Stord kommune.