Har byggjemeldt  fortauet mot Lønningsdalen

Skissa viser kvar det nye fortauet kjem – og  «mjuke trafikkantar» i framtida skal kryssa  fylkesvegen i Lønningsdalen

– Me har pengane til prosjektet, me har avtale med entreprenør og har nett fått stadfest at Stord kommune har motteke byggjesøknaden for anlegget. Går ting greit vidare, kan spaden setjast i jorda på denne sida av sommaren.

Denne gladmeldinga kjem frå Lars Tore Martinsen ved fylkeskommunen sitt «vegkontor» og gjeld meir fortau langs Litlabøvegen – frå Stuva mot Lønningsdalen. Fortau er i denne samanheng kanskje ikkje den heilt rette nemninga – i søknaden sendt  regulering, byggesak og oppmåling i Stord kommune blir anlegget omtalt som gang- og sykkelveg. Av same standard  Litlabøvegen er utstyrt med frå Nedre Litlabø til Stuva. Nyedelen held fram på nordsida (mot Ådlandsvatnet) til Lønningsdalen, der det kjem  overgangsfelt slik at  gangvegen blir kopla saman med velbrukte turvegar i Landåsen – eller mot Studalen.

Vedtaket om bygging av denne  gang- og sykkelvegen bør skrivast inn i Stord-soga som ei gladmelding, sidan  tryggare ferdsle langs strekket har stått på ønskjelista i fleire tiår.