Fin auke for Stord-flyet

(Foto: Steinar Hystad)

843 personar reiste over Stord lufthamn i veke 4. Samtlege av dei reisande nytta seg av Osloruta til DAT. Kabinfaktoren var på 58,5%.

Samanlikna med samme veke i 2024 utgjer dette ein auke på 649 personar. I dag flyg DAT 15 rundturar på strekninga Stord-Oslo v.v. medan dei i samme veke i 2024 flaug kun 5 rundturar.

– I fjor  reiste  36 363 passasjerar over  Sørstokken, det var 25814 fleire enn i 2023, melder Stord lufthamn  

Frå mars blir det lagt inn ein ekstrarunde  Stord- Gardermoen-Stord.