Kommunedirektøren si arbeidsliste gjev gode peikepinnar mot mangfaldet av saker som «rører» seg i Stord kommune for tida. Kva skal skje med Litlabø skule (bygga) og tilhøyrande nærmiljøanlegg?, er eit av spørsmåla som må få svar etter at sjølve skuledrifta vart nedlagt frå august i fjor.
I kommentar til arbeidsliste nummer 1, 2025, melder kommunedirektøren at det skal leggjast fram sak om framtidig bruk av skulen på Litlabø, og at denne skal til politisk behandling i løpet av våren i år. Vidare blir det gjort klart at det er kome fleire innspel om bruk av skulen til ulike føremål.